Val kommunereform tellekorps 1

52 % av bøheringane sa nei. Sauherad seier ja og Nome seier nei.

Folket har talt: Det blir ingen Midt-Telemarkkommune med Nome, Sauherad og Bø.

Bø seier nei, Sauherad ja og Nome nei til ein Midt-Telemarkkommune.

Opptelling av stemmesetlar. Ordførar Olav Kasland (t.v.) og dei andre medlemmane i formannskapet tok seg av opptellinga etter valet i ettermiddag.

I dag var endeleg dagen kome for folkeavstemminga om Bø skal gå inn for ei samanslåing med nabokommunane Sauherad og Nome. Nøyaktig klokka 20 kom resultatet.

Resultata for Bø kommune: Valdeltaking på berre 41,7.

Ja til kommunesamanslåing: 47 %

Nei til kommunesamanslåing: 52 %

Blanke stemmer: 1 %

Resultatet betyr at saka nå ligg hjå Bø kommunestyre sidan ein ikkje kom over 50 % i oppmøte.
– Eg er mest skuffa over oppmøtet. Resultatet gjev ikkje kommunestyret ein god peikepinn. Eg trur likevel at bøheringane vil vere meir positiv til ein samanslåing berre med Sauherad. Eg trur nok det er usikkerheita i forhold til Nome og konfliktane der som har slått ut, seier ordførar Olav Kasland like etter klokka 20 i kveld.

Ja i Sauherad

Samtidig kom resultatet frå innbyggjarundersøkinga i Sauherad. Her sa 60 % ja til samanslåing med Bø og Nome, medan 24 % sa ja til Øst-Telemark-alternativet. 13 prosent stemte for at Sauherad skal forsetje aleine.

Med andre ord eit stort fleirtal for Midt-Telemark i Sauherad.

Nei i Nome

Folkeavstemminga i Nome har fått ei valdeltaking på 56,2 %. 55,6 % seier nei, medan 43,3 % seier ja til ein samanslåing med Bø og Sauherad.