
Til Midt-Telemark. Fleirtalet i Sauherad vil til Midt-Telemark, men det var ikkje mange som svarte på innbyggjarundersøkinga. Arkivfoto Sauheraddagane
Sauherad:
41,9 prosent sa meininga si
I Sauherad valde kommunestyret å gjennomføre innbyggjarundersøking i staden for folkeavstemming for å finne ut om innbyggjarane ville slå seg saman med Bø og Nome eller gå austover mot Notodden. Svaret vart som kjent ja til Midt-Telemark.
Ein valde ein å ringe alle innbyggjarane og ikkje berre eit utval. Ifølgje rapporten frå Opinion vart totalt 1472 personar telefonintervjua av Opinion AS. Det var 3512 namn i manntalet. 2926 (83 prosent) tilgjengelege nummer vart ringt opp.
Det var ikkje mogleg å få tak i telefonnummer til alle som står i manntalet.
Rapporyen til Opinion viser:
* 50 prosent av alle oppringde nummer svarte.
* 72 prosent av dei som tok telefonen svarte.
* Opinion har ikkje rekna ut svarprosent, men ut frå tal over har 41,9 prosent av dei som står i manntalet gjennomført intervjuet og dermed svart.
Les meir om resultata frå helgas val og innbyggjarhøyring i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.