Lunsjkonsert på høgskulen. Bøhering og bassist Mattis Kleppen leverte varene til ein god lunsjkonsert i regi av Studentsamskipnaden på høgskulen i Bø i dag. Foto: Øystein Akselberg
Med eit lydhørt publikum på plass i kantina ved høgskulen i Bø spelte Mattis Kleppen ein halvtimes solokonsert i dag. Arrangør for serien av lunsjkonsertar på høgskulen er Studentsamskipnaden med Lisbeth Welta i spissen. Publikum var ungar frå Veslekroa barnehage, studentar, høgskuletilsette og folk som tok turen til høgskulen berre for å høyre konserten. Dei fekk høyre slåttemusikk frå Telemark og blues frå Vest-Afrika og USA – alt framført i soloformat på elektrisk bass. Eit fint musikalsk avbrekk på ein helt vanleg måndag med andre ord.