Bjørnfeld blir med
Treningskjeda Nr1 Fitness overtek Elatio saman med Audun Bjørnfeld for åtte millionar kroner. Det opplyser administrerande direktør Trygve Amundsen i Nr1 Fitness i ei pressemelding.
Elatio vart slått konkurs 14. april og fire interessentar har vore inne i forhandlingane. Bjørnfeld eigde 40 prosent av aksjane i det opphavlege selskapet.
Prisen som dei som overtek betalar er åtte millionar kroner ifølgje Amundsen. Ifølgje bustyrar var gjelda 11,5 millionar per oktober 2015.