Bø-hotell-01

Bø hotell ramma av streik

Bø-hotell-01

Tilsette ved Bø hotell er tatt ut i streik frå laurdag morgon. Foto: Marta Kjøllesdal

Sju tilsette ved Bø hotell blir tatt ut i streik frå laurdag morgon kl 08.00. Det er Fellesforbundet som  trappar opp streiken i samband med den pågåande arbeidskonflikten i hotell- og restaurantbransjen.

Dagleg leiar ved Bø hotell, Asbjørn Botnen, seier hotellet er einige med den lokale fagforeininga om å drive hotellet vidare så langt det let seg gjera fram til 13. mai. Løyser ikkje situasjonen seg blir hotellet da stengt. Held streiken fram vidare frå 18. mai vil hotellet vurdere om dei kan halde fram å ha ope for overnatting og dagmøte.

Leis meir i papiravisa eller på buyandread.com