
Forhandlingsutvala. F.v. representantane frå Sauherad: Per Simon Slettebø, ordførar Mette Haugholt, Aslaug Norendal. Frå Bø: Borgar Kaasa, Glenn Isaksen og ordførar Olav Kasland.
Kasland ønskjer opnionsundersøking
Forhandlingsutala i Bø kommune og Sauherad kommune har i dag sett seg rundt bordet for å sjå om dei kan bli einige om ei ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing. Målet er å ha klar ei avtale i neste forhandlingsmøte onsdag 18. mai.
Ordførar Olav Kasland i Bø signaliserer at han og resten av forhandlingsutvalet vil gå for at ein spør innbyggjarane ved å gjennomfører ei opinionsundersøking med eit representativt utval, det vil seie at ein spør mellom 400 og 600 innbyggarar i ei spørjeundersøking. Han fryktar at deltakinga ved ei folkeavstemming vil kome ned i 20 prosent.
Les meir om forhandlingane i avisa som kjem torsdag.