
Brannøving. Dette er eit arkivbilde frå ei brannøving, men med det vêret me har tørkar det opp og politiet melder at brannfaren aukar.
– Ver varsame
Det er oppfordringa frå politiet. Det melder at skogbrannfaren aukar og det bed publikum vere varsame med bruk av open eld for å hindre skogbrann og andre brannar.
– Me minner om bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september og at det er ulovleg å gjere opp eld når det er fare for at det kan føre til brann, skriv politiet i ei pressemelding.
Politiet opplyser at det vil følgje med, og alle tilfelle der brenning av gras, bål eller anna kjem ut av kontroll vil bli melde.
Straffenivået i slike saker ligg på frå 5.000 kroner og oppover. Fare for spreiing kan verke skjerpande.