
Ikkje hopp av i svingen. Gjer som skulemusikken, bli med 17. maitoget heilt til topps. Det er den sterke oppfordringa frå 17. mai-nemnda. Arkivfoto
Toget går heilt fram til Bøhaugen
– Gå heile kyrkjebakken opp, ikkje hopp av i svingen. Det er oppfordringa frå 17. mainemnda i Bø.
– Etter det fortener ein is, supplerer Kristin Ø. Vestgarden, Bø ungdomslag.
Ho peikar på at toget ikkje er over før ein er heilt framme på Bøhaugen, men i starten på bakken er det mange som går ut av toget, det tykkjer ho er leit.
– Men eg vil skryte av dei unge i skulemusikken som stiller opp og brukar mykje tid på å spele for folk på grunnlovsdagen. Og dei går heile kyrkjebakken, påpeikar Vestgarden.
Les meir om 17. maiprogrammet i Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.