160609-Skatt-Olav-Kasland

Skatten kan bli samla i Bø

160609-Skatt-Olav-Kasland

Skattekontora i Bø, Vinje, Seljord og Notodden kan bli samla på eitt kontor i Bø. Ordførar Olav Kasland er glad for at Skatteetaten foreslår Bø som lokalisering. Foto: Gro B. Røiland 

Bø kan få eitt av to skattekontor i Telemark. Skatteetaten leverer i dag eit forslag til ny kontorstruktur til Finansdepartementet. Her blir færre og større einingar foreslått. I Telemark er det snakk om å redusere frå seks til to kontor.

Det er forslag om å samle dei tilsette ved skattekontora i Bø, Seljord, Vinje og Notodden på eitt kontor med plassering i Bø. Skattekontora i Larvik og Kragerø blir lagt til skattekontoret i Skien.

Ordførar Olav Kasland er glad for at tilrådinga er å samle ressursane i Bø. På dei fire kontora er det i dag rundt 25 tilsette.

– Dette har me jobba for lenge, og det følest veldig bra at me har klart å ta dette heim. Det betyr uendeleg mykje for Bø, seier ordførar Olav Kasland.

Les meir i papiravisa neste veke.