
Sentraliseringsreform. – Dei kreftene som vil sentralisere meiner at alt det viktige skjer i byane. Dette er ei sentraliseringsreform som Bø ikkje er tent med, meiner Bjarne Jensen. Foto: Erlend Aas, Scanpix
– Til skade for distrikta
Professor Bjarne Jensen meiner kommunesamanslåing er positivt for byar og til skade for distriktskommunane. Han meiner det kan dokumenterast med tal frå tidlegare samanslåingar.
– Analysar viser at folketalsutviklinga og utviklinga i talet på arbeidsplassar var svakare i dei kommunane som slo seg saman enn andre kommunar i tilsvarande kommunegruppe. Det gjeld særleg dei kommunane som mistar kommunesenteret, men heller ikkje dei kommunane som fekk kommunesenteret har hatt sterkare vekst, seier Bjarne Jensen, professor i forvaltingsøkonomi.
Tala har Jensen frå ein rapport som Proba Samfunnsanalyse laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2013. Proba har sett på kva som har skjedd med kommunane som slo seg saman i perioden 1988 til 2013.
Les meir om kva Jensen seier om kommunereforma i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no. I avisa kan du blant anna også lese om kva 18 tilfeldige menneske frå Bø og Sauherad meiner om å slå saman dei to kommunane og rapport frå folkemøtet i Gullbring.