Greplyng-010616-1

Bø tredje best i test

Greplyng 010616 1

Bø i landstoppen. Det er fint med Greplyngblomstring på Krintofjellet, men det er ikkje teke omsyn til i kommunetesten til Forbruarrådet. Foto: Øystein Akselberg.

Kommunetesten i regi av Forbrukarrådet gjev Bø kommune ein fin tredjeplass i fylket og ein 41. plass på landsbasis.

Kommunetesten er Forbrukarrådets test av norske kommunars publikumsservice, tilgjengelegheit og informasjonskvalitet. Testen er utført i januar og februar i år. Det er viktig å merkje seg at testen ikkje omfattar sjølve tjenestane sine kvalitetar. Forbrukarrådet har teke kontakt med kommunane med spørsmål folk flest lurar på, alt frå prisinformasjon om skulefritidsordninga og sakshandsamingstid for byggjesaker til opningstider i svømmehallen. Kommunanes nettside er også sjekka for 19 forskjellige informasjonselement.

Tredje best

Bø kommune klatrar på årets kommunetest og hamnar som tredje best i Telemark. På landslista kom Bø på ein 41. plass. Bø skårar 68,9 poeng, medan fylkessnittet er 60 og landssnittet er 55. Best i Telemark er Bamble med Fyresdal som god nummer to. Nabokommunane i Midt-Telemark skårar svært dårleg på testen. Sauherad er sist i Telemark og heilt nede på 400. plass i landet. Nome er ikkje stort betre med nest siste plass i Telemark og 373. plass på landsbasis.