150903-Vidar-sundstøl-2

«Djevelens giftering» til USA

150903-Vidar-sundstøl-2

Krimforfattar. Vidar Sundstøl er krimforfattar og busett i Bø.

Krimroman frå Bø og Vest-Telemark til amerikanske lesarar

I Vidar Sundstøls krim ”Djevelens giftering” har forfattaren lagt handlinga til Bø og Vest-Telemark. Det mytiske Telemark, folkekultur og overtru er med på å lage ramma. No melder forfattaren på facebooksida si at boka er selt til USA. Forfattaren melde elles tidleg i mai at Polen hadde kjøpt boka.

Tidlegar har Sundstøl lagt handlingane i krimbøkene sine til Minnesota og Egypt. Minnesota-trilogien er også gitt ut i USA.

Vidar Sundstøl er frå Drangedal. etter å ha budd både i USA og Aleksandria har han og familien busett seg i Bø.