2016-06-Helselagsgve

Fekk 200.000 i gåve

2016-06 Helselagsgåve

Supergåve. Bø og Oterholt helselag har gjeve 200.000. kroner i gåve til Bø sjukeheim. Somatisk og skjerma avdeling får 100.000 kroner kvar. Framme f.v. Leslie Van Der Voorde, Gro Tjønnås og Ingar Haugen. Bak f.v. Gerd Fosserud, Kristine Bakken, Borea Bårtveit, Aud Aasen, Åse Aaland, Gunbjørg Haugestaul og Ingunn Espesett Vreim. Foto: Hilde Eika Nesje

Stor gåve til sjukeheimen

Ikkje mindre enn 200.000 kroner kunne Nasjonalforeningen for folkehelsen, Bø og Oterholt helselag, overrekkje Bø sjukeheim onsdag føremiddag. Gåva er siste rest av pengane som helselaga i si tid fekk da dei på midten av 1960-talet selde Bø fødeheim til Bø kommune. Somatisk og skjerma avdeling ved sjukeheimen får 100.000 kroner kvar som skal gå til øremerka innkjøp. Praktiske hjelpemiddel som rullestolar og løfteapparat, samt bålpanne, møblar, høge blomsterkasser og parasollar er noko av det som står på ønskjelista.

Les meir i papiravisa eller på buyandread.no