Nesten heilt likt om kommunesamanslåing
45 prosent svarar ja, 44 prosent svarar nei, 11 prosent veit ikkje.
Feilmarginen er ifølgje rapporten på 3,7 prosentpoeng.
Heilt nøyaktig vart resultatet 45 prosent ja, 44,3 prosent nei og 10,7 prosent veit ikkje. 600 personar har svart. Det er resultatet frå meiningsmåling om Bø kommune og Sauherad kommune skal slå seg saman. Det opplyser Bø kommune på sin heimesider på Internett.
I Sauherad seier 65,9 prosent ja medan 24,7 prosent svarar nei. 9,3 prosent veit ikkje.
Opinion skriv i rapporten at dersom ein tek ut veit ikkje-stemmene blir resultatet i Bø 50,4 for og 49,6 imot samsanslåing. Men forskjellen er så liten at den ikkje er statistisk signifikant. Det vil seie at det ligg innan for feilmarginen og derfor kan ein ikkje seie sikkert at det er fleirtal for. Opinion forklarar at det alltid vi vere knytt ei viss usikkerheit til slike undersøkingar. Grunnen er at utvalet ikkje er identisk med gruppa det gjeld.
Resultatet for Sauherad er derimot signifikant. Forskjellen mellom ja og nei er større enn feilmarginane.
Saka skal avgjerast i kommunestyret torsdag 16. juni. Rådmannen tilrår at kommunestyret seier ja til å slå seg saman med Sauherad kommune frå 1. januar 2020.