160616-cup-mandal

Handballfesten i full gang

160616-cup-mandal

Denne glade gjengen med jenter 11 år frå Mandal & Halse I.L. var strålande fornøgd med cupen. I dag koste dei seg i Sommarland før kamp. Foto: Gro B. Røiland 

Bø Sommarland Cup er i full gang, med omlag 1600 unge handballspelarar frå heile Sør-Noreg på plass i bygda. Alle kampane foregår i Telemarkshallen, der det er fullt kjør frå klokka åtte på morgonen. Når dei siste kampane går i 20.30-tida i kveld, har 169 kampar vore avvikla i hallen i dag.

Dei unge handballspelarane går i skytteltrafikk mellom handballkampar og vassklier. Bø blad møtte mellom andre 29 11-åringar frå Mandal som var kampklare etter eit par timar med leik og moro i Sommarland.

– Kosleg, gøy, morosamt og mange gøye og skumle sklier, var kommentarane me fekk om cupen og Sommarland frå dei unge spelarane.

– Veldig godt opplegg, var kommentaren frå dei vaksne i fylgjet frå Mandal.

Bø Sommarland Cup held fram sundag med fleire kampar og sluttspel.

Les meir om handballcupen i papiravisa 16. juni.