Per Schaanning web

Heddapris til Schaanning

Per Schaanning web

Prisvinnaren. Bilete frå prisutdelinga på Nationaltheatret i går. Prisvinnar Per Schaanning med regissør Sigrid Strøm Reibo. Foto: Hilde Pedersen.

Skodespelaren Per Schaanning, som bur i Sauherad, fekk sundag Heddaprisen som beste mannlege medspelar.

Heddaprisen blei delt ut for 19. gong sundag på Nationaltheatrets hovudscene i Oslo. Juryen seier at årets vinnar er ein skodespelar som i mange samanhengar har vist at han er god til å ta vare på dei bittesmå detaljane der mimikk og kroppsspråk kan vere vel så viktige som replikkane.
Schaanning bur i Sauherad og er gift med Hilde Pedersen, kultursjef i Bø kommune.