
For lite. Overskotet ligg an til å bli for lite til betale ned gjelda slik at kommunen kjem seg ut av Robek-lilsta. Foto: Øystein Akselberg
Held ikkje budsjettet
Rekneskapen for dei fire første månadane viser at Bø kommune brukar meir pengar enn budsjettet tilseier. Det ligg an til å bli eit positivt resultat på 3,7 millionar kroner, men det er før ein har betalt ned underskotet frå tidlegare år. Det er på 4,2 millionar kroner. Klarar ein ikkje det så kjem ein ikkje ut av Robek. Som tidlegare er det helse og velferd som har auke i kostnadane, ei av årsakene er at ein ikkje får ned sjukefråveret.