160622-Mariann-Roe-

Tredjeplass i junior-NM

160622-Mariann-Roe-

Raskast under 20 år. Mariann Roe var raskast av dei under 20 år. Foto: Hege A. Roe

Motbakkeløp: 1.116 høgdemeter på sju kilometer

Mariann Roe kom på tredjeplass i junior-NM i motbakkeløp sist helg. Løpet var Molden opp i Luster i Sogn og Fjordane. Ho fekk også premie for å ha vore den raskaste under 20 år.

– Før løpet ville eg på pallen, eg hadde eigentleg lyst til å vinne sidan eg fekk sølv i fjor. Men i fjor var det kortare løype og tidleg i løpet gjekk eg over frå å tenkje på å vinne til berre å gjennomføre, seier Roe.

Ho fortel at løypa i år var heilt annleis. Årets løype gjekk over 1116 høgdemeter og var sju kilometer lang.

– Det var ekstremt bratt. Tida mi var på ein time og seks minutt, eg har aldri konkurrert så lenge tidlegare, seier Roe.

Ho peikar på at ho trenar mest for løp på bane og med det utgangspunktet er ho veldig godt fornøgd.

– Eg er med på slike løp fordi det er gøy og for trening, Eg likar å vere ute i naturen og det var ei fantastisk utsikt nær me kom på toppen. Det var verdt å kome opp.

Roe fortel at no er fokuset på baneløp. Neste helg skal ho til Världsungdomsspelen, eit kjempestort arrangement i Göteborg.