Krik 2010

KRIK-ungdom inntar Bø i dag

Krik 2010

På leir i Bø. 1300 ungdommar kjem til Bø i dag på sesongens første KRIK-leir. Arkivfoto.

Årets store KRIK-leir på Bø camping opnar i dag. I år er det KRIK-leir i to puljer. Først kjem 1.300 på det som er konfirmasjonsleir. 28. juni er det skifte i deltakarar og då startar den tradisjonelle KRIK-leiren, som også tel cirka 1.300 ungdom. Kristen Idrettskontakt (KRIK) er ein kristen ungdomsorganisasjon som har som mål å knytte band mellom idretten og kyrkja.
Så om nokon var redd for at det skulle bli stille i Bø etter cup- og festivalar kvar helg i juni så er det altså ikkje tilfelle.