160623-Ks-160616-93-b2

Har blitt Miljøfyrtårn

160623-Ks-160616-93-b2

Ordføraren delte ut diplomen til rådmann Åse Egeland

Kommunen sin tur 

Bø kommune er godkjent som Miljøfyrtårn. I kommunestyremøtet sist torsdag delte ordførar Olav Kasland ut beviset, eit diplom, til rådmann Åse Egeland.

Det er stiftelsen Miljøfyrtårn som stiller krava til dei som skal bli sertifiserte. I første omgang var det kommunehuset som vart sertifisert. I løpet av 2017 skal heile kommunen kome etter.