
Før heldt DNB til i lokala til høgre, no kjem det bilde i dei tomme vindauga. Utval for plan, teknikk og næring har sagt ja. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal
Reklame i butikkvindauge
Administrasjonen i Bø kommune har gjeve høgskuleavdelinga i Bø (HSN) midlertidig løyve til å setje opp reklame i tome butikkvindauge i Bø i sommar. Det gjeld lokala der banken DNB held til og gjeld i tida fram til 1. September 2016. Handelsstanden i Bø har planar om å lage ei historisk vandring i bilete i andre tomme vindauge i Bø sentrum. Det var utval for plan, teknikk og næring (PTN) som fekk informasjon om dette i deira møte tysdag denne veka.