2016-06-Lenmann-Sigrid-Dahl

Midt-Telemark blir felles politidistrikt

2016-06-Lenmann-Sigrid-Dahl

Nytt politidistrikt. – Eg er glad for at etableringa er bestemt, og overbevist om at det nye lensmannsdistriktet vil gje betre polititeneste for publikum, seier lensmann Sigrid Dahl. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Nome og Bø/Sauherad politidistrikt går saman

Nome og Bø/Sauherad lensmannsdistrikt går saman og danner Midt-Telemark lensmannsdistrikt. Etableringa er bestemt av Politidirektoratet etter forslag frå Sør-Aust politidistrikt. Forslaget har blitt lagt fram for dei tre kommunane som skriftleg har stadfesta at dei støttar forslaget om samanslåing.

– Kommunane har bidratt svært positivt inn i denne prosessen. Dei har vore opne og lytta til vår analyse av kva som vil gje innbyggjarane i Midt-Telemark best muleg polititeneste, seier lensamnn i Bø og Sauherad Sigrid Dahl, og legg til at dei tilsette har vore pådrivar for etableringa i fleire år.

Etableringa av Midt-Telemark lensmannsdistrikt har vore fremja i forkant av Stortingets behandling av nærpolitireforma, og er ikkje del av den komande prosessen med etablering av lokal tenestestadsstruktur.