
Tre presidentar. Frøydis Fosstveit, sitjande president, er den første kvinna på toppen i Eagle Car Club, Asbjørn Strand var den første og Andres Eika (t.h.) var den andre presidenten. Foto: Marta Kjøllesdal
God aktivitet i amcarklubben
Amcarklubben meiner hustomtene i Bø må bli så store at folk har plass til å ha ein amerikansk bil på eigen grunn. Det må inn som eit punkt i reguleringsplanane til kommunane.
– No må ein nesten ha gard for å drive med amcar, seier Andres Eika muntert.
Sjølv har han gard, fem amerikanske bilar og fleire periodar som president i Eagle Car Club bak seg. Regjerande president Frøydis Fosstveit har tre amerikanske bilar i familien og må leige plass.
Sist helg feira klubben 40-årsjubileum. Aktiviteten har gått litt opp og ned, akkurat no er den god og det er 51 betalande medlemmar i jubileumsåret. Men klubben vil gjerne har fleire, gjerne unge.
Les meir om historia, framtida og jubileet til Eagle Car Club i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no