160506-Flytter-legevakt-02-b

Flytter legevakta tilbake til Bø

160506-Flytter-legevakt-02-b

Kort sambuarskap. I mai vart det opplyst at legevakta for Bø og Sauheard skulle samlast på Sauherad Bygdeheim, no er samlinga splitta opp. Gunn Karin Slaaen Rørvik, einingsleiar helse i Sauherad, Solveig Tangen Nielsen, tillitsvald Sauherad Legesenter, Kristin Sekse, kommuneoverlege, Ingunn Espesett Vreim, fagansvarleg Bø, Martin Ytreland, leiar for Sauherad Bygdeheim og Ruth Hogstad-Erikstein, tillitsvald Bø Legesenter. Arkivfoto

Ikkje trygt nok

Frå 1. juni skulle Bø og Sauherad ha felles legevakt på kveldar og i helger, men det er det slutt på. Legane i Bø meinte det ikkje var sikkert nok.

– Legevakta er tilbake til den gamle ordninga, seier rådmann i Bø, Åse Egeland.

Det vil seie at legevakta vekslar mellom å vere på Gvarv og i Bø, avhengig av kva legar som har vakt.

På sjukeheimen

Grunnen til at kvelds- og helgelegevakta vart flytta til Gvarv tidlegare i sommar var at legane ikkje kjende seg trygge der dei var. Då Bø blad skreiv om flyttinga tidleg i mai fekk me opplyst at legane ikkje ønskte å vere åleine på jobb. Legevaktkontoret på Gvarv vart flytta til Sauherad Bygdeheim. Der var det sjukepleiar på jobb som også kunne hjelpe legane når dei hadde tid.

– Legane i Bø var ikkje fornøgd med den nye ordninga på Gvarv, seier Egeland.

Ho seier det har vore dialog om saka. Felles legevaktkontor på Gvarv var ei midlertidig løysing som Egeland seier både ho og legane trudde skulle bli betre.

– Me har akseptert at legane heller ville vere i Bø, seier rådmann.

Ho opplyser at lokala på Gvarv er godkjende.

– Sauheradlegane tykkjer det er ei god løysing, seier Egeland om kontoret på Gvarv sjukeheim.

Til Notodden

– No jobbar me for å få legevakt på Notodden, seier Egeland.

Ho opplyser at ein hadde inngått avtale med Notodden om felles legevakt for nokre år sidan. Men den ordninga ønskte ikkje legane i Bø og Sauherad. Dermed vart det ikkje noko av.

– Det blir altfor dyrt å ha ei bemanning rundt legane dersom me skal ha det i Bø og Sauherad, seier Egeland.

Det meiner ho legane aksepterer. Egeland reknar med at det er mogleg å få til ei ny avtale med Notodden, men det tek tid. Ei slik ordning vil føre til at legane i Bø og Sauherad reiser til Notodden og jobbar når dei har vakt.

Same telefonnummer

Egeland opplyser at telefonnummeret ein skal ringe til legevakta er det same som før både natt og dag.