KAN SYKLE TIL JOBB: Her er eksempel på tre som likar å sykle. Bilde frå sak om Sykkelbygda Bø.
KAN SYKLE TIL JOBB: Her er eksempel på tre som likar å sykle. Bilde frå sak om Sykkelbygda Bø.

Sykkelbygda rullar vidare

Sykkelbygda Bø 2016 8273

Tre på sykkel til jobb. Den aktuelle dagen hadde dei tre, Svein Ivar Forberg (t.v.), Hilde Pedersen og Bjørn Tveiten, sykla til arbeidsstaden sin i Gullbring kulturanlegg. Her er dei i god flyt gjennom Evjudalen. Foto: Øystein Akselberg

Bygdepakke Bø skal vidareførast. Eit av dei viktigaste tiltaka vil vere å få fleire til å sykle eller gå til og frå jobb og skule.
Første fase i prosjektet «Bygdepakke Bø» er avslutta og rapporten frå forstudiet byr på mange interessante og til dels overraskande funn. Bygdepakka har som mål å redusere interntrafikken i Bø sentrum. Undersøkingar har nemleg vist at under 20 prosent av trafikken i sentrum er gjennomgangstrafikk. Viktigaste tiltak framover blir at folk sjølve må endre sine daglege reisevanar til og frå jobb, skule og fritidssyslar. Potensialet ligg i å legge betre til rette for mjuke trafikantar. Prosjektet «Sykkelbygda Bø» har nettopp det som hovudsatsing.