Går ned. Bø kommune går tilbake i NHOs kommune-NM 2016. Arkivfoto.
Framgang har stoppa
Eit fleirtal av kommunane i Telemark har tilbakegang i årets Kommune-NM i regi av NHO. Også Bø er på minustalet i 2016. NHOs Kommune-NM 2016 rangerer norske kommunar og regionar etter 21 indikatorar som speglar vekstkraft og attraktivitet for næringslivet. Hovedindikatorane er næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. I Telemark må ein konstatere tilbakegang for fleirtalet av kommunane i fylket. Av 18 kommunar går ti tilbake. Bare Porsgrunn og Bø kommunar er blant dei 50 beste i landet, med høvesvis 38. og 40. plass.
Bø har hatt sterk framgang frå 2010 til 2014, men i år har framgangen stoppa opp. Det skuldast i stor grad næringslivsindikatorane, spesielt gjeld det nyetablering og privat sysselsetting. Det er eit stigande tal av tilsette i offentleg relaterte stillingar i Bø, spesielt innan helse og undervisning. Når det gjeld demografi gjer Bø det betre. Den beste indikatoren er “unge i forhold til eldre”. Der har Bø god utvikling og ligg som nummer tre i landet.