KREVJANDE: Rektor Jon Helge Bergane seier det er krevjande for lærararne å undervise på raudt nivå.
KREVJANDE: Rektor Jon Helge Bergane seier det er krevjande for lærararne å undervise på raudt nivå.

Fleire har fått studieønsket oppfylt

160630-Vgs-struktur-Jon-Helge-Bergane-03-

Snart oppstart. 15. august ønskjer rektor Jon Helge Bergane ved Bø vidaregåande skule alle elevar velkomen til skulestart. Arkivfoto.

90 prosent har fått innfridd førsteønsket

Ved tredje inntak til dei vidaregåande skulane i Telemark har 88 prosent av søkjarane til Vg1 fått innfridd førsteønsket sitt. Dette er ein oppgang frå i fjor (86 prosent). Totalt sett på alle nivå har 90 prosent fått innfridd førsteønsket sitt. Ved 3. inntak har totalt 6315 søkjarar fått tilbod om skuleplass. På same tidspunkt i fjor var det 6410 søkjarar som fekk eit tilbod. Alle med ungdomsrett har fått tilbod om skuleplass. 81 med vaksenrett har fått tilbod på ledige plassar. Vaksne som ikkje har fått tilbod vil bli overført vaksenopplæringa.

Det er viktig å svare raskt og seinast 11. august når ein får tilbod om skuleplass. Skulane har nå fått oversendt inntaks- og ventelister og overtar nå seinare inntak etter ventelistene. Søkjarar som ikkje er nøgd med tilbodet dei har fått, må kontakte den enkelte skule for å høyre om ledig skuleplass. Det er generelt svært få ledige plasser per dags dato. Skulestart er 15. august.