
Fleire enn i fjor. I fjor fekk 86 prosent av søkjarene til Vg1 innfridd førstevalet sitt, i år 88 prosent.
Alle med ungdomsrett har fått tilbod
Ved tredje inntak til dei vidaregåande skulane i Telemark har 88 prosent av søkjarane til Vg1 fått innfridd førsteønsket sitt. Dette er ein oppgang frå i fjor (86 prosent). Totalt sett på alle nivå har 90 prosent fått innfridd førsteønsket sitt.
Ved 3. inntak har totalt 6315 søkjarar fått tilbod om skuleplass. På same tidspunkt i fjor var det 6410 søkjarar som fekk eit tilbod. Alle med ungdomsrett har fått tilbod om skuleplass. 81 med vaksenrett har fått tilbod på ledige plassar. Vaksne som ikkje har fått tilbod vil bli overført vaksenopplæringa.
Det er viktig å svare raskt og seinast 11. august når ein får tilbod om skuleplass.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.