2016-08-Telemarkekspressen

Doblar busstilbodet mellom Bø og Skien

2016-08-Telemarkekspressen

Betre busstilbod. Telemarkekspressen går nå to gonger i timen, mot tidlegare ein gong i timen mellom Bø og Skien. Foto: Hilde Eika Nesje

Oftare buss mellom Bø og Skien

Frå måndag denne veka har Telemarkekspressen dobla talet på ekspressbussavgangar mellom Bø og Skien. Telemarkekspressen tilbyr nå halvtimesavgangar frå tidleg morgon til sein kveld i begge retningar på strekninga mellom Bø og Skien. Dette gjer selskapet for å møte etterspørselen etter effektive, konkurransedyktige og miljøvenlege transporttilbod.

Hausten 2016 kjem bommane i Grenland, og Telemark Bilruter som køyrer Telemarkekspressen, ønskjer å tilby eit attraktivt kollektivtilbod mellom Midt-Telemark og Grenland for å gje pendlarar og alle andre som reiser denne strekninga eit konkurransedyktig alternativ til å køyre privatbil. Telemarkekspressen vil korrespondere med  rutetilbodet i Grenland, samt køyre alle avgangar via Sykehuset Telemark og heilt opp til jernbanestasjonen i Skien. Telemark Bilruter har tilsett seks nye sjåførar, og det er kjøpt inn tre nye, moderne og miljøvenlege ekspressbussar til denne satsinga.