Telemarkfestivalen 2016 Opningskonsert
Telemarkfestivalen 2016 Opningskonsert

Spela festivalen inn med rosa kantele

Telemarkfestivalen 2016 Opningskonsert Maija Kauhanen vokal kantele perkusjon

Energi og glede. Maija Kauhanen er eit fyrverkeri frå Finland. Ho spelar også i dag på Roxy.

Mange spennande konsertar

Torsdag starta Telemarkfestivalen. Då var det opningskonsert i Gullbring med smakebitar på komande konsertar, og det lovde godt. Seinare på kvelden heldt musikkfesten fram med konsert på Bø hotell.

I dag kan ein glede seg til både små lokale gratiskonsertar og standup, dans og tingingsverk.

I Gullbring skal 27 talentfulle ungdommar frå øvre Telemark danse og skape sine eigne versjonar av segner og historier, blant anna Guro Heddeli.

Martin Ødegaard frå Sauherad har skrive årets tingingsverk. Det blir framført i Bø kyrkje. Dei som vil ha seg ein svingom kan gå på folkemusikkpub på Fjoset. Ugras kjem også.