Heider til Gunhild Kinck
Det har vore mange Petter Smart-ar i musikkmiljøet i Bø og elles i Telemark, det fekk me både sjå og høyre om under framsyninga ”Musikalsk og mekanisk” under Telemarkfestivalen laurdag.
Blant det me fekk sjå var ei mekanisk maskin til å skjere ut lokk til hardingfeler og høyre om ei høytørke som i ettertid fekk skulda for å blåse av eit låvetak.
I Bø har familien Kinck vore føregangsfolk når det gjeld å ta i bruk det siste innan lyd og bilde. Gunhild Kinck har brukt film i ulike format til å ta vare på hendingar i Bø i to mannsaldrar. Det vart ho heidra for under arrangementet
Les meir om dette og anna som skjedde under Telemarkfestivalen og sjå bilde i papiravisa torsdag.

Lyden av 17. mai. Harald Kinck (t.v.) og Torgeir Straand med høgtalaren som i mange år vart brukt 17. mai ved Bø skule.