160908-fylkesmannen-oppstartmote-kommunestruktur-180

Fylkesmannen vil bruke tvang

160908-fylkesmannen-oppstartmote-kommunestruktur-180

Vil bruke unntaksvedtak.  Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen vil bruke ein unntaksvedtak som Stortinget har gjort og som opnar for bruk av tvang, for å slå saman dei tre kommunane i Midt-Telemark.

 Kommunestyret får saka

– Fylkesmann Kari Nordheim Larsen informerte kommunane Bø, Sauherad og Nome om at ho vil innstille til departementet om at dei bør slåast saman med tvang.

Det seier ordførar Olav Kasland etter at representantar for dei tre kommunane hadde ei lenge varsla møte med Fylkesmannen i dag, torsdag 8. september.

Kasland seier at det ikkje er uventa og han under strekar at dette berre er ei innstilling. Arbeidet med å slå saman Sauherad kommune og Bø kommune held fram som før.

– Bakgrunnsmaterialet til Fylkesmannen blir offentleg 1. oktober. På kommunestyremøtet 17. oktober vil eg ta opp saka og høyre kva kommunestyret meiner eg skal gjere, seier Kasland.

Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome, vil også ta saka til kommunestyret.

– Det er  kommunestyret som legg føringa, seier Tveito Lundefaret.

Mette Haugholt, ordførar i Sauherad, seier at der vil det bli orientering i kommunestyret. Kommune har vedtak på at ein ønskjer å slå seg saman med Nome òg.