DYRSKU´N FÅR KOMPENSASJON. Det er nå klart at den tradisjonsrike landbruksmessa i Seljord får fleire millionar i kompensasjon for avlysinga av årets arrangement.
DYRSKU´N FÅR KOMPENSASJON. Det er nå klart at den tradisjonsrike landbruksmessa i Seljord får fleire millionar i kompensasjon for avlysinga av årets arrangement.

Frukt av kongeleg klasse

160910-dyrskun

Kronprinsparet stoppa ved Nyhuus Gard sin stand på Dyrskun, der dei prata med familien Holtskog og fekk smake plommer frå Gvarv. På runden i matteltet hadde dei mellom andre fylgje av bøheringen Geir Helge Espedalen, som er dagleg leiar for Dyrskun. Foto: Gro B. Røiland

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fekk smake plommer frå Nyhuus Gard da dei fredag besøkte Dyrskun i Seljord. Noko som såg ut til å falle i smak.

At frukt frå Midt-Telemark er kvalitet i særklasse, kom landbruks- og matminister Jon Georg Dale med beviset på. Matmerk og Mattilsynet har etter grundig gjennomgang gjeve frukt frå regionen statusen «Beskyttet geografisk betegnelse», noko som er ei anerkjenning av samanhengen mellom smak og kor maten kjem i frå. Dermed blir eple, plommer og morellar frå Telemark nasjonale matskattar, slik Parmesanost er i Italia og Champagne i Frankrike.

Det var under Dyrskuns jubileumsshow fredag kveld at landbruks- og matminister Jon Georg Dale overrekte beviset på den nye statusen til Svein Børte, dagleg leiar i Telefrukt, og Gunnar Li, leiar i Telefrukt produsentlag.

Les meir om bøheringar på Dyrskun i neste papiravis.