cafe-unik-5-sept-2016-1618

Ny kafe på Bøsenteret

cafe-unik-5-sept-2016-1618

Folka på Caffé Vero. Kaféeigar Geir Valen med fleire av dei tilsette ved den nye kafébedrifta. F.v. Areerat Holmsen, Marita Helene Valen, Liudmila Davydova, Ewelina Mitrus og Helene Haaberg.

Nytt tilskot i kafémiljøet:  I november opnar Caffé Vero dørene på Bøsenteret. Den italienske kaféen har ei spennande plassering og får eige uteområde ved øvre inngang.

Det er Team Holding ved Geir Valen som står bak nyetableringa gjennom sitt nye firma Kafé UniK AS. Valen har fått franchiseavtale med den norskeigde italienske kafekjeda Caffé Vero.
– Eg ønskjer å skape noko nytt og såg fort moglegheitene i ein italiensk kaffebar i lokala ved den øvre inngangen til Bøsenteret. Her er det ein fantastisk uteplass, seier Valen.
Etter planen skal den nye kaféen opne 10. november.