2016-09-eldrid-lunden

Bjørg Vik-prisen til Eldrid Lunden

2016-09-eldrid-lunden

Forfattarpris til Lunden. Bø-forfattar Eldrid Lunden får Bjørg Vik-prisen. Foto:  Astrid Borchgrevink Lund/Litteraturgarasjen

Nok ein pris til Eldrid Lunden

Bjørg Vik-prisen, Sparebanken Sør og Litteraturgarasjens forfattarstipend 2016 blir tildelt forfattar og professor Eldrid Lunden frå Bø. Prisen blir delt ut i samband med opninga av Bjørg Vik-dagene, ein novelle- og poesifestival som i år foregår i Porsgrunn frå torsdag 29. september til fredag 1. oktober.

Prisen på 30.000 kroner blir gjeve til ein norsk forfattar som gjennom enkeltverk eller forfattarskap viser originalitet, litterær kvalitet og nytenkning gjennom sin kortprosa, noveller eller lyrikk. Eldrid Lunden er norsk lyrikar og professor emerita i skrivekunst og var med på å starte og var studieleiar ved Forfatterstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark i perioden 1982-2011. Eldrid Lunden har vore ein ‘forfattaranes forfattar’ og har hatt stor betydning og innflytelse i det norske litterære miljøet dei siste førti åra.