Stall Bø med Alsaker Piril 3

God helg for Stall Arthur Bø

stall-bo-med-alsaker-piril-3

God helg på Bjerke. Både laurdag og sundag leverte tråvhestane til Stall Arthur Bø gode løp på Bjerke tråvbane. Her er gjengen samla rundt ein anna hest i stallen, Alsaker Piril. Arkivfoto.

Tråvhesten Alsaker Blest gjorde eit fantastisk flott løp i finalen i Norsk Tråvkriterium på Bjerke tråvbane i går. Finalen var for dei aller beste treåringane i landet. Etter eit perfekt løp levert av kusk Vidar Hop avslutta hesten til Arthur Bø strålande og enda på andreplass i løpet, noko som er ein stor prestasjon. Plasseringa var verdt heile 250.000 kroner og tida blei 1.25,7 over 2.100 meter. Prestasjonen er nok ein av dei høgast rangerte for denne hesten hos Stall Arthur Bø.

Laurdag tok ein annan hest i stallen, Roli Eld,  sigeren i finalen i Kaldblodscupen, også det på Bjerke tråvbane. Den gav heile 125.000 kroner i førstepremie. Hesten er eigd av Tor Henning Hegna og Madeleine Dalen. Dette var hestens femte siger for året og 296.000 kroner er innkjørt.