
Vart utsett. innbyggjarinitiativet om at alle skulle få seie meininga si om kommunesamanslåing var utsett på kommunestyremøtet i juni. Då godkjende kommunestyret intensjonsavtala om å slå saman Sauherad og Bø. Arkivfoto
Var for seint ut
I sommar vart det samla inn 139 underskrifter for å gjennomføre ei folkeavstemming om ein skulle gå for å slå saman Bø og Sauherad kommunar. Saka kom for seint til å bli behandla før ferien. No kom den opp att i kommunestyret måndag. Rådmannen gjekk for å avvise initiativet sidan saka var komen så langt.
Per Atle Einan (SV) sa at han hadde møtt folk som sakna å få seie si meining, men meinte likevel at ein ikkje kan ta omsyn til det no, til det har prosessen kome for langt. Det var resten av kommunestyret einig i.