160922-oterholt-kloakkpumpestasjon

Dårleg do-kultur i Bø

160922-oterholt-kloakkpumpestasjon
Oppfordrar til betre dokultur
. Olav Langkås (t.v.) og Rune Lia ved driftsavdelinga i Bø kommune viser fram saker og ting folk kastar i avløpet. Ved Oterholt kloakkpumpestasjon fører dårlege do- og kjøkkenvanar til problem med tetting av rør og stans i pumpene. Foto: Øystein Akselberg.

Folk i Bø kastar for mykje søppel i do og utslagsvask. I do skal berre bæsj, tiss og dopapir. Om ikkje do-kulturen blir betre må folk betale høgare avgift.

Teknisk etat i Bø kommune seier det er ein aukande trend med for mykje søppel i kommunen sine avløpsrør. Avdelingsingeniør Gudmund Amundsen ved teknisk drift tek nå til ordet for ein kampanje for betre do- og kjøkkenkultur.
– Folk flest må bli langt meir bevist på kva ein kastar i do og heller ut i kjøkkenvasken, seier Amundsen.
Dagens praksis blant innbyggjarar i Bø medfører store kostnader ved at kommunens folk stadig må ut på arbeid for å rydde opp i problem i leidningsnett og pumpestasjonar. Også på kommunens heilt nye reinseanlegg skapar innbyggjaranes uvanar problem.
Amundsen peikar på at i do skal berre ”bæsj, tiss og dopapir”, men at folk stadig kastar eingongsserviettar, klutar, bleier, moppar, ørepinnar.