
Arbeidet i gang. Bø kommune og Sauherad kommune, med ordførarane Olav Kasland og Mette Haugholt, har starta arbeidet med å lage ein ny, felles kommune.
– Dersom ein ønskjer at ein av rådmennene skal halde fram så bør ein avklare det raskt, elles startar rådmannen å sjå seg om etter ein anna jobb.
Det var rådet frå nytilsett rådmann i Fæder kommune, Toril Eeg, til formannskapa i Bø og Sauherad. Dei hadde sitt første møte saman sist måndag. Formannskapa var utvida med representantar for parti som ikkje sit i formannskapet. Møtet skulle blant anna legge grunnlag for å etablere fellesnemnda, gruppa som skal stå for arbeidet med å utvikle den nye kommunen.
For å få tips frå nokon med erfaring i tilsvarande abeid var rådmann, leiar i fellesnemnda og ein tillitsvald frå Færder kommune invitert. Det er Tjøme og Nøtterøy i Vestfold som frå 1. januar 2018 blir til Færder.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no