160825-telemarksfestivalen-opningskonsert-torsdag-097

Ottar spelar i operaen

160825-telemarksfestivalen-opningskonsert-torsdag-097

Hardingfelespelar Ottar Kåsa frå Øvre Bø spelar i operaen i november. Foto: Marta Kjøllesdal

Ottar Kåsa er med, når 120 noregsmeistrar frå heile landet opptrer på Meisterkonserten 2016 i Den Norske Opera & Ballett sundag 20. november. Denne festframsyninga viser noko av det aller beste Noreg nå kan by på innan folkemusikk og -dans.

Det er andre gong Meisterkonserten blir arrangert i operaen. Fyrste gong var i 2014. Publikum vil her få oppleve alt frå spenstig hallingdans, eggjande hardingfele og eldre folkemusikkinstrument til nyare instrument som durspel og trekkspel.

Dei unge dansarane Knut Boksasp Berge og Birgit Haukås frå Tinn representerer også Telemark i operaen denne dagen. Begge var med i Bygda dansar-framsyninga «Mørkt her endå er i dalen» som blei vist under Telemarkfestivalen i år.

Folkemusikk og -dans set sitt preg på hovudstaden fleire stader denne helga, med bransjetreffet Folkelarm og Oslokappleiken.