160908-fylkesmannen-oppstartmote-kommunestruktur-180

Fylkesmannen: Nome viktig for Midt-Telemark

160908-fylkesmannen-oppstartmote-kommunestruktur-180

Utfordringar for Nome. Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen skriv at dersom Nome blir ståande utanfor ein ny kommune i Midt-Telemark vil det føre til økonomiske utfordringar for Nome og det vil ikkje vere gunstig for regionen som heilheit.

– Økonomiske utfordringar for Nome

Fylkesmannen la torsdag fram ei nærmare grunngjeving for tilrådinga til regjeringa om at dei tre kommunane i Midt-Telemark skal slåast saman med tvang.

Fylkesmannen skriv blant anna at dersom Nome blir ståande utanfor vil det føre til økonomiske utfordringar for Nome og det vil ikkje vere gunstig for regionen som heilheit. Det står at Nome si betyding for eit optimalt Midt-Telemark er betydeleg.

Det blir også vist til at ein samla kommune i Midt-Telemark, sett saman av kommunane Bø, Nome og Sauherad, er i tråd med ekspertutvalet sin tilrådde minstestørrelse på 15-20.000 innbyggjarar. Ein slik størrelse gir eit godt fundament for å levere gode tenester til innbyggjarane i framtida.

Både ordførar Olav Kasland (V) og Arvid Hagen (Ap) har stilt spørsmål om kvifor Fylkesmannen går for å slå kommunane i Midt-Telemark saman med tvang sjølv om ein har gjort alt rett i prosessen. Det ser det ikkje ut til å bli svart på i papira, men det står blant anna dette om Nome kommune:

”Når Nome kommunestyre tok stilling til spørsmålet stemte 23 representanter for og 6 representanter imot følgende vedtak: Nome kommune vedtar å ikke slå seg sammen med Bø og Sauherad med grunnlag i intensjonsavtalen om «Nye Midt-Telemark».

Det er viktig å merke seg at Nome kommune har deltatt aktive i kommunereformen og lagt stort arbeid i involvering og felles intensjonsavtale med Bø og Sauherad. Ut ifra vedtaket er det vanskelig å si om kommunen er for eller imot kommunesammenslåing på prinsipielt grunnlag. Vedtaket om ikke å slå seg sammen er begrunnet i den intensjonsavtalen med Bø og Sauherad som ble forhandlet fram.”

Om Grenland skriv Fylkesmannen blant anna:

”Fylkesmannen vurderer prosessen i Grenland til å tilfredsstille reformkravene. Ankepunktet kan være at innbyggerne ikke er blitt hørt om det retningsvalget som er gjort.”

Om Hjartdal og Notodden:

Hjartdal og Notodden har sammen vært involvert i arbeid med intensjonsavtaler, men ikke avtaler som omhandler kun Hjartdal og Notodden. Fylkesmannen ser det derfor som urealistisk å anbefale en sammenslåing i denne reformperioden.

Me kjem tilbake med meir om Fylkesmannens grunngjeving i komande avis.