161006-eventyrlig-oppussing-lifjell-juni-2016-foto-marit-rui

Lifjell-hytte i Eventyrlig oppussing

161006-eventyrlig-oppussing-lifjell-juni-2016-foto-marit-rui

Halvor Bakke (t.h.) og interiør- og snikkargjengen i TV3-serien «Eventyrlig oppussing» har vore på Lifjell og pussa opp hytta til Tor Henning Forberg og Kristin Sarmon. Foto: Visit Lifjell

I serien ”Eventyrlig oppussing” tek interiørekspert og bloggar Halvor Bakke og hans snikkarteam tv-sjåarane med til hytter landet rundt. Tysdag 11. oktober er turen kome til Tor Henning Forberg og Kristin Sarmon si hytte under Krintotoppen på Lifjell.

I juni var Bakke og hans ti mann store crew på besøk i Bø for å pusse opp hytta. Resultatet får me sjå i tysdagens episode. Ein får også sjå oppussingsgjengen på tur i klatreparken Høyt & Lavt, noko som ifølge TV3 blei eit artig innslag.

Heile idéen bak programserien er å forvandle ein litt sliten feriestad om til ei perle midt i vill og vakker natur. TV3 seier sjølv at dei likte både hytta og plasseringa og spesielt at paret som eig hytta, Tor Henning og Kristin, var så unge.