161013-asbjorn-botnen-vegar-62

På banen for dårlege vegar i Bø

161013-asbjorn-botnen-vegar-62

Høgrepolitikar Asbjørn Botnen meiner det er på tide å få rusta opp dei dårlege vegane til Lifjell og Liheia. Foto: Marta Kjøllesdal

– Vegen til Lifjell og Liheia må rustast opp. Det seier høgrepolitikar og hotellmann Asbjørn Botnen.

Det Botnen legg mest vekt på både når det gjeld opprusting av Lifjellvegen og vegen til Liheia, er næringsutvikling. Dette er også vegar til fine turområde som blir brukt av mange, og dei som brukar vegane fortener noko betre, meiner Botnen.

Han får støtte for utspelet sitt frå fleire. Mellom andre Per Hanstad, investor gjennom mange år på Lifjell. Hanstad seier han ikkje kan hugse at vegen til Lifjell har vore så dårleg som nå. Det er truleg over 20 år sidan det blei asfaltert på toppen.

– Vegen er ikkje like dårleg alle plassar. Det er flekkevis prøvd å lappe på dekket, men det blir fort like ille igjen. Me får veldig mange kommentarar på vegen, seier Hanstad.

Vegane til Lifjell og Liheia kan du lese mykje meir om i papirutgåva av Bø blad torsdag 13. oktober.