skoe-forberg-jaktlag-6-okt-2016-3005-forberg-skoe-jaktlag-2016

Ferdig etter to jaktdagar

skoe-forberg-jaktlag-6-okt-2016-3005-forberg-skoe-jaktlag-2016

Ferdig på to dagar. Forberg-Skoe jaktlag er her ferdig med føremiddagsøkta like ved husmannsplassen Busil på jaktas andre dag. Bak f.v. Halvor Tveitan, Arne Flåtin, Hans Martin Skoe, Henning Rulnes og Ole Christian Smestad. Fremst med kvar sin hund sit Hans-Ole Sætra Erikstein med Buster og Harald Groven med Raja.

Forberg-Skoe jaktlag blei fedig med årets elgjakt på to dagar. Etter ei økt under Jønneberg, ei rundt husmannsplassen Busil i heia over Bergestigåsen og ei i området ved Bruskor var kvoten i boks. Fangsten var ei ku, ein piggokse og ein kalv. Dermed var årets eventyr over. Men ein og annan hjort traskar nok i deira 10.000 mål store jaktterreng, så ein skal ikkje sjå bort frå at trongen og lysta til ein jakttur til kan dukke opp.