161016-minivolleyball

Vil lære barn å spela volleyball

161016-minivolleyball

Marius Norli, leiar i Bø Volleyballklubb, og trenarane Tonje Emilie Stenstad (f.v.), Marie Mæland, Veronica Brekke og Liv Aarebakk vil ha barna med på volleyballbanen. Foto: Gro B. Røiland

Bø Volleyballklubb (Bø VBK) startar onsdag 19. oktober med minivolleyball for barn i alderen 5 til 12 år. Alle barn som er nysgjerrige på volleyball kan møte opp i gymsalen på Bø skule denne onsdagen. Her kan dei få ein smak på volleyballsporten.

– Denne kvelden er ei open trening utan at ein treng forplikte seg vidare, seier Marius Norli, leiar i Bø VBK.

Interessa for volleyball er ifølge Norli aukande i Bø, både hos gutar og jenter. Klubben blei starta i 2006, og nå ynskjer klubbstyret å satse meir på dei yngste. Minivolleyball er eit rekrutteringsprosjekt frå volleyballforbundet sentralt.

Les meir om det nye tilbodet i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no