lifjell-jonnbu-14-okt-2016-tomtekjoparar-3622

Vil ha heisen på plass

lifjell-jonnbu-14-okt-2016-tomtekjoparar-3622

Kjøpte tomt. Jan Einar Stølan flankert av nybakte eigarar av ei hyttetomt på Jønnbu, Heidi Harestad Kristiansen og Trond Rognan, frå Porsgrunn. Dei meiner Lifjell er svært attraktivt som heilårs hytteområde. Foto: Øystein Akselberg

Jan Einar Stølan har seld 16 hyttetomter på Lifjell på eitt år. Nå engasjerer han seg i å få fart på planane om å byggje samanbindingsheis mellom Torillstul og Jønnbu.
– Tomt nummer 16 sidan eg tok til i august i fjor blei seld i helga. Nå er det ein positiv giv på Lifjell. Dette er berre veldig moro, seier ein svært fornøgd Stølan.
Han har seld flest tomter i Solskinnsdalen og i området ved Jønnbu, men har også seld ei i det øvste området ved Lifjelltoppen og ei på Østerlikollen. Han reknar på at salet av tomter det siste året utløyser investeringar på over 45 millionar kroner. Det er nemleg stort sett lokale aktørar som får jobben med å byggje, som til dømes Telemark Grunn og Betong, Bø Installasjon, Rørleggermesteren på Gvarv og Byggmakker.
– Med aktiviteten me har på fjellet nå vil eg engasjere meg i å få på plass samanbindingsheisen mellom skisenteret og Vinterland, seier Stølan, og legg til at det berre manglar fire-fem millionar kroner for å få den realisert.