2016-10-nmmeister-signe-m-e

NM-meister i blomsterdekorasjon

2016-10-nmmeister-signe-m-e

Stolt av lærlingen. Signe M.E. Forsberg har bare vore lærling i to månader hos Anne Guri Hegna Smeplass (t.v.) og Veslemøy Gundersen i butikken Blomsterstemning. I helga gjekk Signe heilt til topps i NM i blomsterdekorasjon. Foto: Privat

 

Lærling blei NM-meister

Bare to månader etter at ho kom som lærling til Blomsterstemning i Bø kan Signe M. Evertz Forsberg frå Skien (midten) titulere seg som noregsmeister i blomsterdekorasjon. Den gjeve prisen fekk ho på Hankø sist helg, der ho deltok i B-klassa for ufaglærte og lærlingar. Ho skal vere to år som lærling hos Blomsterstemning. Eigarane, Anne Guri Hegna Smeplass og Veslemøy Gundersen seier dei er både stolte av og rørt over NM-innsatsen til Forsberg.