
Fasaden mot krysset. Olav Skjeldal øskjer at det blir gjort noko med fasanden på Coopbygget mot krysset litt lenger opp i gata. Ha peikar på at det er brukt tre lenger ned i gata og det fungerer.
– Plassane treng møblar
– Som dei gamle grekarane ordnar me tettstadane våre i gater og plassar. Plassane er uterom som må ha møblar. Tre kan vere fine møblar ved Coopbygget.
Det seier Olav Skjeldal, arkitekt frå Sauherad. Han har jobba mykje i Bø og me har spurt han om å kome med innspel på fortettinga i Bø, med utgangspunkt i debatten rundt det som blir kalla Coopbygget, Bøgata 28.
– Generelt er eg ikkje redd for ein tredje etasje. Om ein kan snakke om feil ved Coop-bygget er det heller at det er bygd i ein stil som ikkje tek omsyn til bygga rundt.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no