Klokke

Hugs å stille klokka

Klokke

Tilbake ein time. I helga skal me stille klokka ein time tilbake. Arkivfoto

Tilbake til normaltid

Natt til søndag 30. oktober skal me stille klokka tilbake ein time frå sommartid til normaltid. Me stiller klokka ein time fram om våren og ein time tilbake om hausten. Ein hugseregel for korleis me stiller klokka for sommartid er at ein tar hagemøblane fram om våren og set  dei tilbake om hausten. Sommartida i Noreg varar 31 veker, til saman 217 dagar. Resten av året følgjer me normaltid.

Dei fleste industrialiserte land på dei nordlegaste breiddegradane brukar sommartid i månadane frå mars/april til oktober/november, medan nokre land på den sørlege halvkule har sommartid i månadane frå september/oktober til februar/april. Land som ligg i nærleiken av ekvator brukar sjeldnare sommartid ettersom dagens lengde ikkje varierer særleg mykje i løpet av året.

I Europa er det nå bare Island som ikkje justerer klokka for sommartid. I Noreg og dei fleste andre land i Europa varar sommartida frå siste søndag i mars til siste søndag i oktober. Det nøyaktige klokkeslettet klokka blir stilt fram og tilbake varierer med nokre timar mellom ulike land.