fb-rallebanen

Full fart på Rallebanen

fb-rallebanen

Crosskart-køyrarane Daniel Svarstad (15), Emil Bujordet (9) og Thomas Eek Murstad (13) er klare for rundar på Rallebanen. Foto: Gro B. Røiland

Sola skein og motorane brølte da NMK Bø inviterte til open dag på Rallebanen laurdag. Det blei ein flott dag for motorklubben, med over 40 sjåførar på banen og minst dobbelt så mange tilskodarar.

Her kunne folk som elles ikkje køyrer bilcross prøve seg på banen i ein av klubbens bilar. Noko mange nytta høvet til. Mange stilte også med eigne bilar.

Nestleiar i klubben, Tore Innleggen, er strålande fornøgd med dagen og oppmøtet, som er det beste hittil på open dag.

Les meir om arrangementet i papiravisa torsdag 3. november eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.